Fyksesundet rundt 2019 – Tryggleik

Arrangør syter for eit systematisk tryggleiksopplegg for utøvarane:

  Velkomen til det einaste ultramaratonet i Hardanger!

Velkomen til det einaste ultramaratonet i Hardanger!

Deltakarkrav

Løpet er krevjande og er mynta på deg som både er uthaldande og kan orientera i høgfjellet. Det vert stilt strenge krav til kompetanse hjå deltakarane og samtlege pliktar å fylgja GPS-spora arrangøren har laga. Merk: Arrangør kan endra ruta heilt opp mot arrangementsdagen. Informasjon om dette vil verta gjeve via skjermbrev eller løparmøtet.
Maks 100 deltakarar totalt
Makstida er 14 timar. Løparar som kjem i mål etter det får ikkje registrert tida.
Aldersgrense 18 år på Fyksesundet rundt.
 

Utstyr

I sekken skal alle deltakarane ha:
- fullada telefon i vasstett behaldar (NB! Lite dekning undervegs!)
- vass- og vindtett bukse og jakke med hette
- hanskar/vottar
- lue
- ekstra ullunderty oppe og nede i vasstett forpakning (kun 100 % ull vert godkjend, ikkje blend)
- mat til heile turen
- vindsekk, ikkje folie. (Desse vert vurdert ok. Denne typen vert vurdert som ikkje ok. Dette av fjellmedisinske årsaker. Det skal vera praktisk mogeleg å vøla ope beinbrot inni sekken og då kjem lettvektsfoliane til kort.) I lagklassen skal alle deltakarane ha eigen vindsekk.
- fløyte

Alle individuelle og lagleiarar:
- kompass og kart over heile område
- GPS med innlasta spor og nye batteri + eit reservepar. Kun handhalden GPS. GPS på klokke eller mobil vert ikkje tillate.
- enkel fyrstehjelp (minimum: enkeltmannspakke, sportstape og sårstrips)

Det er mange høve å fylla vassflaska undervegs.
Det vert organisert sjekk av sekk på innsjekk fredag, samt ved målgang.
Alle deltakarar får sporingseining på seg som skal berast forsvarleg på kropp/sekk under løpet. Instruksjon og utdeling vert gjeve på løparmøtet.
 

Sjekkpunkt

I løypa vert det obligatoriske sjekkpunkt samt utplasserte mannskapar frå Røde Kors. På sjekkpunkta leverer deltakarane frå seg laminerte strips med deltakarnummer på.
Sjekkpunkt 1: Muren. 32V 353117 6706058. (Røde Kors)
Sjekkpunkt 2: Juklavatnet. 32 V 351132 6709500. (Røde Kors)
Sjekkpunkt 3: Songrø. 32V 348036 6712904. (Røde Kors)
Sjekkpunkt 4: Blåkoll. 32 V 343429 6712143. (Røde Kors) (Cut off kl 14 til Ambjørgsviki med organisert transport til Fykse)
Sjekkpunkt 5: Nongjel. 32 V 345149 6706286. (Røde Kors)
 

Eigenerklæring

Ved å melda seg på signerer deltakar automatisk eigenerklæringsskjema med fylgjande punkt:

- Eg har lese tryggleiksmanualen til arrangementet og er klar over risikoen og farane ved å delta i denne tevlinga og deltek på eigen risiko
-  Eg stadfestar å vera i god nok fysisk og psykisk form til å gjennomføra
-  Eg kan orientera i høgfjellet med kart, kompass og GPS i umerka traséar i dårleg vér utan sikt.
-  Eg kan leggja inn waypoints/rute på GPS og bruka GPS utan hjelp i fjellet
-  Eg kan ferdast åleine i høgfjellet utan sikt og veit kva eg må gjera i ein naudsituasjon
-  Alt utsyr eg bringar med er i god stand og det er mitt ansvar at alt fungerer heile vegen
-  Arrangør kan ta meg ut or løpet dersom helsemessige eller andre årsaker tilseier det
-  Deltakaravgifta kan ikkje refunderast ved avlysing eller endra trasé
-  Arrangør kan publisera bilete av meg utan særskilt løyve i alle mediakanalar (sosiale medium, aviser, magasin)
 

Alternativ løpsdag

Dersom veret ikkje tillet arrangement kan sundag 4. august verta aktuell. Avgjerd for dette vert teken innan fredag 2. august kl 1800 og vert informert via mail, sms og SoMe.
 

Løparmøte

Det vert obligatorisk løparmøte for alle fredag 2. august kl 1900 på Fykse skule. Her vert gjennomgang av trasé, informasjon om tryggleiksopplegg og anna relevant informasjon.