Hardinglaup Øystese–Voss – Tryggleik og utstyr

Påmelding til Hardinglaup Øystese – Voss er i gang

Løpet krev søknad og aksept av arrangør. Det skal visast til dokumenterbar røynsle (skildra gjennomførte turar) og kunnskap om høgfjellet (evt fjellkurs, verv, turleiarkurs etc) i søknadsskjemaet. Maks 100 deltakarar totalt. Maks antal grunna logistikk og tryggleik.
 

Eigenerklæring

Kvar deltakar signerer eit eigenerklæringsskjema med fylgjande punkt på pre-race meeting:

Lagleiarar og individuelle:
-  Eg kan orientera i høgfjellet vinterstid med kart, kompass og GPS i umerka traséar i dårleg vér utan sikt.
-  Eg kan leggja inn waypoints/rute på GPS og bruka GPS utan hjelp i fjellet
-  Eg kan ferdast åleine i høgfjellet utan sikt og veit kva eg må gjera i ein naudsituasjon

Alle:
-  Eg har lese tryggleiksmanualen til arrangementet og er klar over risikoen og farane ved å delta i denne tevlinga og deltek på eigen risiko
-  Eg kan bruka kart og kompass
-  Eg stadfestar å vera i god nok fysisk og psykisk form til å gjennomføra
-  Alt utsyr eg bringar med er i god stand og det er mitt ansvar at alt fungerer heile vegen
-  Arrangør kan ta meg ut or løpet dersom helsemessige eller andre årsaker tilseier det
-  Deltakaravgifta kan ikkje refunderast ved avlysing eller endra trasé
-  Arrangør kan publisera bilete av meg utan særskilt løyve i alle mediakanalar (sosiale medium, aviser, magasin)

Deltakarnamn (med blokkbokstavar): _________________________________________________________

Deltakar underskrift: ______________________________________________________________________

ICE namn og telefonnummer:_______________________________________________________________

  Strenge krav til deltakarar, crew og arrangørar av Hardinglaup. Foto: Høyde media

Strenge krav til deltakarar, crew og arrangørar av Hardinglaup. Foto: Høyde media

Utstyrskrav

Fylgjande utstyr skal vera i sekken ved start: Gjennomgang alle sekkar på pre-race meeting kvelden før, samt ved målgang.

Alle:

Mat og drikke
1 stk snøspade
1 stk søkestang snøskred
1 stk fjellduk/vindsekk (Må kunne snørast, samt vera praktisk mogeleg å vøla ope beinbrot inni sekken og då kjem lettvektsfoliane til kort.)
1 stk ullundertøy, overdel (i vasstett pose)
1 stk ullundertøy, underdel (i vasstett pose)
1 stk dunjakke (i vasstett pose)
1 par varme ullsokkar (i vasstett pose)
1 par alpinbriller
1 stk balaklava
1 stk hovudlykt med ekstra Lithium batteri
1 stk fløyte
1 par joggesko (valfritt)
1 stk full termos. Kun til naudbruk. Min 0,5 l. Vert forsegla under innsjekk og skal vera intakt ved mål.
1 stk fryseturka naudrasjon. Vert forsegla under innsjekk og skal vera ubrukt ved mål med mindre naudsituasjon har oppstått.
1 stk kompass
1 stk kart Norgeskartserien "1:50 000 Voss" eller kartblad som dekker heile ruta

I tillegg ha på deg dette på start (gjeld ALLE)

1 stk skalljakke og skallbukse i GTX-kvalitet eller liknande . Treningsklede ala SWIX eller bomull vert ikkje akseptert og medfører startnekt.
1 stk ullundertøy, overdel
1 stk ullundertøy, underdel
1 par vindvottar
1 par varme innervottar
1 stk vindtett lue eller hette på jakke
1 par varme ullsokkar
1 par skisko, valfri modell
1 par fjellski med stålkant (3/4 stålkant vert godkjent)
1 par fjellskistavar med brei trinse
1 stk sendar/mottakar med 100 % batteri. Kameratsjekk før avmarsj.

Individuelle og lagleiarar:

1 stk GPS med kart innlagt og nye lithium batterier
4 stk ekstra lithium-batteri til gps (to skift)
1 stk kokeapparat til vinterbruk(valfri modell, gassapparat er akseptert. Full gasskolbe eller fuelflaske er kravet.)
1 stk kjele med lok
1 stk personleg førstehjelpsutstyr (minimum: enkeltmannspakke, sportstape og strips)
1 stk fyrstikkøskje i vasstett pakning
1 stk multiverktøy

 

  Det vert stilt strenge krav til dokumenterbar høgfjellskunnskap frå deltakarane. Foto: AK Glück-Teigland

Det vert stilt strenge krav til dokumenterbar høgfjellskunnskap frå deltakarane. Foto: AK Glück-Teigland

Arrangører syter for sporing på alle individuelle deltakarar og lag gjennom ein Yellowbrick-device. Denne sporinga gjev deltakar mogelegheit å tilkalla naudhjelp. Innføring i bruk av denne vert gjeve på pre race-meeting. NB! Dette er ikkje det same som sendar/mottakar som står oppført som obligatorisk personleg utstyr.

Det vert presisert at utstyr som kite og skisegl ikkje er tillate.
 

Operativ tryggleik

Eit crew med nasjonale kapasitetar innan tryggleik hegnar om arrangementet.

Tryggleiken vert handsama ut frå fylgjande prinsipp:
1. Hindra tap av liv og helse for deltakarar og mannskap
2. Berekraftig miljømessig i naturen
3. Tryggja arrangøren med omsyn til økonomi og omdøme

Strukturen er at tryggleiksansvarleg er overordna i rennleiinga og kontrollerer og koordinerer dei operative mannskapane frå sentralt KO. Det er etablert samband mellom dei operative mannskapane både i Kvam og Voss. Tryggleiksansvarleg har også til ei kvar tid oversyn over trackinga av Yellowbrickane.
Det er utplassert beredskapscrew langs traséen. Øystese Raude Kross har ansvaret Sjusete - Hodnaberg og Voss Raude Kross har ansvaret frå Hodnaberg til Voss.