Fyksesundet rundt 2019 – Program og praktisk informasjon

Program

Fredag 2. august:
Kl 1500: Obligatorisk registrering, utstyrssjekk og utlevering startnummer/sporingseining på Fykse skule. Sal av mat.
Kl 1800: Registrering ferdig
Kl 1900: Obligatorisk løparmøte for alle individuelle og lagleiarar i båe tevlingar
Kl 2000: Løparmøte ferdig

Laurdag 3. august:
Kl 0600: Startskot Fyksesundet rundt
Kl 0605: Avreise buss frå Fykse til Hodnaberg for deltakarar halvmaraton
Kl 0800: Start Fyksesundet halvmaraton på Hodnaberg
Kl 1400: Cut-off Blåkoll til Ambjørgsviki og båt over Hamlagrøvatnet. Organisert transport til Fykse.
Kl 1400: Dei fyrste deltakarane er venta i mål
Kl 2000: Tidsfrist makstid
Kl 2100: Grendafest med premieutdeling i Skykkjeskukkjen ved Gamlastovo gardsrestaurant

2015-08-01 22.20.52.jpg


Parkering

Det er svært avgrensa parkeringsfasilitetar i grenda. Me bed om at folk samkøyrer og organiserer drop-off saman.
Dersom parkering er naudsynt tilrår me kaien i Steinstø.
 

Dusj og garderobe

Det er garderobe og dusjmogelegheiter på Fykse skule. Det er mogeleg å leggja frå seg ting her under løpet. Verdisaker vert lagt att på eigar sitt ansvar.
 

Overnatting

Telt: Me har nokre få teltplassar tilgjengelege i kulturlandskapet. Ta kontakt med arrangør dersom dette er ynskjeleg
Gymsal: For kr 150 kan du overnatta i gymsalen på Fykse skule natt til arrangementsdagen. Ta med eige liggjeunderlag og sovepose.


Sosial etappe

Me jobbar for å tilby lokal mat og kaffi til både fjellfant og fagnamann i målområdet på Fykse skule. Samt aktivitetar for små og store på skuleplassen, samt stor grendafest om kvelden!

Me ynskjer alle ein fantastisk tur gjennom indrefileten av Hardanger!


Nemnda

Arne Lunestad – Morten Laupsa-Borge – Odd Arne Botnen – Bjørnar Fykse – Kristin Glück-Teigland - AK Glück-Teigland