Hardinglaup Øystese–Voss

Er du robust nok til å takla høgfjellet på vinterstid åleine utan sikt? Har du røynsle frå lange turar på fjellski i umerka høgfjellsterreng?

Det finst fleire ferdselssleper mellom hardingane og vossingane. Dette løpet er av dei lengste og mest krevjande… Motbakkar, tronge dalar, vekslande føre, kvasse utforkøyringar. Her krevst nøyaktig orientering og fjelldugleik for å gjennomføra. Traseen byggjer ei brutal, men venleg bru mellom Hardanger og Voss. Velkomen til verdas einaste ultramaraton på fjellski!

Tida er no inne for å tilby fjellfolk i Noreg ein ekte kappestrid. Velkomen som deltakar på hardinglaupet mellom Hardanger og Voss. Hardinglaupet markerer starten på ein ny type skirenn i Noreg: dagslanglaup på fjellski i umerka løyper i høgfjellet med strenge krav til deltakarar. Desse krava til deltakarar fordrar også strenge krav til arrangør.

LES ALL INFOEN UNDER OG SØK OM Å DELTA - ÅLEINE ELLER PÅ LAG!
 

Påmelding til Hardinglaup Øystese – Voss er i gang

 

Løypa

Program

Tryggleik

Gråsida Halvmaraton

Klassar og påmelding

Tidlegare resultat