Fyksesundet rundt 2019 – løypa

Løpet går rundt heile Fyksesundet – frå bru til bru. Start kl 0600 (både individuell og lag) frå Fykse skule som ligg sentralt i det premierte kulturlandskapet i Fyksesund landskapspark. Umerka løype heile vegen stiller krav til høgfjellskompetanse og orienteringskunnskapar.

Traséen startar på veg gjennom grenda opp til Bjørke. Vidare på skogsveg til stølen Nyasete. Deretter på sti forbi stølen Stavdal med oppfang i enden av dalen, i Brattefonn. Runda rundt Vetlavatnet og Bjølsegrøvatnet til stølen Muren. Frå Muren opp på Kistefjell. Bryt av ned skar på hylle NA for Jaradalsvatnet med kurs mot Juklavatnet. Sjekkpunkt der. Vidare retning Svartavatnet. Fyl så dalføret ned mot stølen og sjekkpunkt Songrø. Frå Songrø ein del enklare terreng og orientering. På sti over til Hardingaskaret. Fyl så T-merka sti over Sveindalseggi – Løkjesdalen – Blåkoll. Sjekkpunkt i Linga-hytta. Sjekkpunkt og opplegg for transport etter cut off kl 14. Traséen fyl vidare rundt Blåkollvatnet – Lomatjørni. Ta av T-merka aust for vatn 779. Her fyl deltakarane den gamle buførevegen – Fjellvegen – mellom Øystese og Hamlagrø. Nytt sjekkpunkt øvst i Nongjel. Passerer ned med Oaldstjørn på høgre hand med kurs mot Skarpenuten. Så ber det nedover mot stølane Skårsete og Sekk. Deretter på skogsveg ned til grenda Skåre. Derifrå asfaltveg forbi Porsmyr til Fyksesundbrua og opp att i Fyksegrenda. Målgang på Fykse skule.

 
  Velkomen til det einaste ultramaratonet i Hardanger!

Velkomen til det einaste ultramaratonet i Hardanger!

GPS-spor

Alle deltakarar pliktar å fylgja same løype og skal lasta ned og leggja inn GPX-fil på førehand. Sporet kan du også gjennomgå på Lommekjent.

Ferdsel som går vesentleg utanfor arrangøren sitt spor vert idømt ekstra tid, evt diskvalifisering.