Hardinglaup Øystese–Voss – Løypa

Påmelding til Hardinglaup Øystese – Voss er i gang

Starten av løpet går frå skianlegget på Sjusete. Herifrå går det bratt opp retning Torefjell langs sommarløypa før ein brekk av inn mot Beindalsgjelet og vidare opp mot Krok. Herifrå vidare opp mot Jørstadvatna, Svartavatnet og Myklavatnet. Frå Myklavatnet vidare inn i krevjande høgfjellsterreng langs dalstroka inn i Søre Fugladalen, over Øvre Fugladalsvatnet og Fossavatnet.

Oppfang NV på Fossavatnet. Passér på venstre side. Merka med banner og flagg ned mot Fugladalsselet. Vidare derifrå langs sommartraséen (T-merka) N for Geitafjell. Ned mot stølane i Søre Hamlagrø. mot Lomatjørn. Gjennom hyttefeltet i Kyrkjeviki mot Blåkollvatnet. Opp derifrå langs T-merka sommartrasé. Utplassert klippetang i god avstand frå open foss på veg opp frå Blåkoll. Over Løkjesdalstjørnane. Brutalt bratt ned i Løkjesdalen. Merka med banner og flagg. Passér på venstre side. Fyl instruks til utplassert mannskap. Opp over Sveindalseggi og over Sveindalsnuten. Vidare over topp 873 og ned til Hodnaberg.

Cut-off ved Hodnaberg kl 13 presis. Ferda går vidare opp til Kvålsdalen, over Torfinnsvatnet retning Grøno. Opp mot Slåttebakkatjørni. Derfifrå fyl ferda vidare i kvista løype over Gråsida til Hindartveit. Her lyt ein mogelegvis hiva skia på sekken og byta over til joggesko (valfritt) og vandra til fots siste kilometrane inn til Vossevangen. Fyrst ut traktorvegen til Gjelle. Så ned Giljavegen og snarvegane ned til Vikjavegen. Gjennom Gjernes, over Tintrabrua, gjennom Presegardsmoen og målgang utanfor Vossabadet på Voss.

  Velkomen til eit høgfjellsmaraton frå Hardanger til Voss!

Velkomen til eit høgfjellsmaraton frå Hardanger til Voss!

Alternativ trasè

Dersom ufarbare forhold ned Løkjesdalen vert ruta lagt om:

Alternativ rute: Frå Blåkoll Frå Blåkoll opp langs Stølselvi, kryssar Vossadalen. Rundar Øyaseteggi NV. Nedrenn til nedre Sveindalen. Kryssar så SA for pkt 756 mot Møyåni. Vidare S langs T-merkt sommarsti til Nedre Kvålsdalstjørni og inn i Kvålsdalen

 

GPS-spor

Alle deltakarar pliktar å fylgja same løype og skal lasta ned og leggja inn GPX-fil på førehand.
Sporet kan du også gjennomgå på Lommekjent. Ferdsel som går vesentleg utanfor arrangøren sitt spor vert idømt ekstra tid, evt diskvalifisering.