Hardinglaup Øystese–Voss – Klassar og påmelding

Påmelding til Hardinglaup Øystese – Voss er i gang

Løpet krev søknad og aksept av arrangør. Påmelding til løpet skjer ved søknad med aksept av arrangør. Sekvensen tek ca 15 min. Ha klar dei dokumenterbare høgfjellsrøynslene dine på førehand.
Søknadsfrist er 1. mars 2019.

Deltakarane vert godkjend suksessivt på 10 og 10 personar. Aksept vert sendt via skjermbrev med link til betaling med frist 1 veke.

Individuell: herre og dame

Lagklasse:
- 2 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla. 1 person kan bryta ved Møyåni til Hodnaberg og få skyss ut. Gjeld ikkje lagleiar. Ingen kjønnsklasse.
- 3 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla. 1 person kan bryta ved Møyåni til Hodnaberg og få skyss ut. Gjeld ikkje lagleiar. Ingen kjønnsklasse.

  Ta turen på lag med ein god ven og del utfordringa! Foto: Vegard Breie

Ta turen på lag med ein god ven og del utfordringa! Foto: Vegard Breie

Deltakaravgift

Individuell klasse: 1334 kr per pers
Lagklasse 2 pers: 2200 kr per lag
Lagklasse 3 pers: 2600 kr per lag

Prisen inkluderer:

  • deltaking i verdas einaste ultramaraton på fjellski!

  • transport frå Øystese sentrum til start Sjusete arrangementsdag

  • transport frå Voss til Øystese etter målgang

  • dusjfasilitetar og bading på Vossabadet, mat og drikke ved målgang

  • deltakarpremie

  • satellittbasert sporingseining

  • tryggleikshandsaming frå handplukka personell

 

Vilkår

Terskelen for avlysing er høg og kostnadane for arrangør ved gjennomføring og avlysing er like. Arrangøren har såleis ikkje høve til refusjon av deltakaravgifta.

Tildelt plass kan ikkje overførast til andre.

Restriksjonar: Aldersgrense 18 år

 

Kåring

Det vert premie til dei tre fyrste i individuell klasse damer og menn.

1. premie: Custom made Harding-ski frå Åsnes
2. premie: 1 par fjellstav og skibag frå Åsnes
3. premie: Kortfell og skibag frå Åsnes

Premie lagklasse:
1.  premie: 1 par langfeller mohair til fjellski frå Åsnes
2.  premie: 1 par kortfeller RACE til fjellski frå Åsnes
3.  premie: 1 par nylon kortfell frå Åsnes

Premiane vert utdelte på premieseremonien på Vossabadet. Det vert også uttrekkspremiar!

  Vinnarane får ei spesiallaga fjellski type HARDING!

Vinnarane får ei spesiallaga fjellski type HARDING!