Fyksesundet rundt 2019 – Halvmaraton+

Vert heile runden med ultramaratonet Fyksesundet rundt for langt? Då kan ein kortare - men likefullt krevjande - distanse vera noko å bryna seg på. Deltakarane vert skyssa til Hodnaberg for start på ein drøy halvmaraton på 28 km og 800 høgdemeter langs ein miks av merka sti og noko umerka høgfjellsterreng. På På sti over til Hardingaskaret.

 

Bilde 30.07.2016, 15.08.47.jpg

Klikk for større bilete

Løypa

Alle deltakarar vert frakta med buss frå Fykse til start på Hodnaberg kl 0600. Fellesstart på Hodnaberg kl 0800. Løypa går på T-merka sti til nedre Kvålsdalstjørni og opp Hardingaskaret. Fylg så T-merka sti over Sveindalseggi – Løkjesdalen – Blåkoll. Sjekkpunkt i Linga-hytta. Traséen fylgjer vidare rundt Blåkollvatnet – Lomatjørni. Ta av T-merka aust for vatn 779. Her fyl deltakarane den gamle buførevegen – Fjellvegen – mellom Øystese og Hamlagrø. Nytt sjekkpunkt øvst i Nongjel. Passerer ned med Oaldstjørn på høgre hand med kurs mot Skarpenuten. Så ber det nedover mot stølane Skårsete og Sekk. Deretter på skogsveg ned til grenda Skåre. Derifrå asfaltveg forbi Porsmyr til Fyksesundbrua og opp att i Fyksegrenda. Målgang på Fykse skule.
 

GPS-spor

Alle deltakarar pliktar å fylgja same løype og skal lasta ned og leggja inn GPX-fil på førehand. Sporet kan du også gjennomgå på Lommekjent.

Ferdsel som går vesentleg utanfor arrangøren sitt spor vert idømt ekstra tid, evt diskvalifisering.

 

Klassar

Individuell: herre og dame

Lagklassar:
- 2 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla. Ingen kjønnsklasse.
- 3 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla. 1 personar kan bryta ved Songrø eller i Blåkoll og få skyss ut. Gjeld ikkje lagleiar. Ingen kjønnsklasse.

Aldersgrense 18 år i individuell klasse.
Aldersgrense 13 år (kun i fylgje med vaksen i lagklasse) på Fyksesundet halvmaraton+.
 

Deltakaravgift

Fyksesundet halvmaraton+:
Individuell klasse: 400 kr per pers
Lagklasse 2 pers: 600 kr per lag
Lagklasse 3 pers: 800 kr per lag

Påmeldingsfrist: torsdag 1. august 2019 kl 2359.
 

Kåring

Det vert kåra vinnar i klassen for beste mann og dame.

 

IMG_3794-1.JPG

Tryggleik

Arrangør syter for eit systematisk tryggleiksopplegg for utøvarane:

Deltakarkrav

Løpet er krevjande og er mynta på deg som både er uthaldande og kan orientera i høgfjellet. Det vert stilt strenge krav til kompetanse hjå deltakarane og samtlege pliktar å fylgja GPS-spora arrangøren har laga. Merk: Arrangør kan endra ruta heilt opp mot arrangementsdagen. Informasjon om dette vil verta gjeve via skjermbrev eller løparmøtet.
Maks 100 deltakarar totalt
Makstida er 12 timar på halvmaratonet. Løparar som kjem i mål etter det får ikkje registrert tida.
Aldersgrense 18 år på Fyksesundet rundt.
Aldersgrense 13 år (kun i fylgje med vaksen i lagklasse) på Fyksesundet halvmaraton+.


Sjekkpunkt

I løypa vert det obligatoriske sjekkpunkt samt utplasserte mannskapar frå Røde Kors. På sjekkpunkta leverer deltakarane frå seg laminerte strips med deltakarnummer på.
Sjekkpunkt 1: Blåkoll. 32 V 343429 6712143. (Røde Kors) (Cut off kl 14 til Ambjørgsviki med organisert transport til Fykse)
Sjekkpunkt 2: Nongjel. 32 V 345149 6706286. (Røde Kors)
 

Anna

Utanom det som er nemt over er tryggleikspunkta dei same for Fyksesundet halvmaraton som for heile distansen. Les om utstyrskrav og eigenerklæring her.

Program og praktisk informasjon

Klikk her for å lesa tidsskjemaet og anna praktisk informasjon
 

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år i individuell klasse
Aldersgrense 13 år (kun i fylgje med vaksen i lagklasse) på Fyksesundet halvmaraton+.

 

Ansvarsfraskrivelse

Arrangøren tilbyd 100 % refusjon av deltakaravgifta ved gyldig innsendt legeerklæring før 1. juli. 
Tildelt plass individuell klasse kan ikkje overførast til andre. 
Ved sjukdom i lagklasse må ny deltakar steppa inn for å kunne delta.