Hardinglaup Øystese–Voss – Gråsida Halvmaraton

Påmelding til Gråsida halvmaraton er i gang

Gråsida halvmaraton - 24 km krevjande halvmaraton på fjellski

Er du robust nok til å takla høgfjellet på vinterstid åleine utan sikt? Har du røynsle frå lange turar på fjellski i høgfjellsterreng? Bli med på halvmaraton over Gråsida med målgang på Voss!

Gråsida er vidkjend for krevjande terreng og stundom brutale vértilhøve. Det er eit stort høgfjellsplatå som skil Voss frå Hardanger. Du vil få motbakkar, dalar, vekslande føre og kvasse utforkøyringar. Her krevst røynsle og fjelldugleik for å gjennomføra.

Tida er no inne for å tilby fjellfolk i Noreg ein ekte kappestrid. Velkomen som deltakar på halvmaraton på fjellski over Gråsida. mellom Hardanger og Voss. Hardinglaup markerer starten på ein ny type skirenn i Noreg: dagslanglaup på fjellski i høgfjellet med strenge krav til deltakarar.

Gråsida halvmaraton går parallelt og i same trasé som det 52 km lange Hardinglaupet Øystese - Voss same dag.

LES ALL INFOEN UNDER OG DELTA - ÅLEINE ELLER PÅ LAG!

GraasidaHalvmaraton-Facebookbilete.jpg

Klassar

Løpet høver for deg som ynskjer tevla mot likesinna i fjellet på fjellski i barskt terreng. Løypa går same dag og parallelt med siste delen av Hardinglaupet frå Øystese til Voss.

Individuell:
- herre
- dame

Lagklasse:
- 2 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla.
- 3 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla.

Aldersgrense: 18 år

Deltakaravgift

Individuell klasse: 858 kr per pers
Lagklasse 2 pers: 1100 kr per lag
Lagklasse 3 pers: 1300 kr per lag

Prisen inkluderer:

  • deltaking i verdas einaste halvmaraton på fjellski!

  • transport frå Voss sentrum til start Hodnaberg arrangementsdag

  • transport frå Voss til Øystese etter arrangement

  • dusjfasilitetar og bading på Vossabadet

  • mat og drikke ved målgang på Torget

  • deltakarpremie

  • sporingseining

  • tryggleikshandsaming frå handplukka person


Trasè

Starten av løpet går frå Hodnaberg. Ferda går vidare opp til Kvålsdalen, over Torfinnsvatnet retning Grøno. Opp mot Slåttebakkatjørni. Derfifrå fyl ferda vidare i kvista løype over Gråsida til Hindartveit. Her lyt ein mogelegvis hiva skia på sekken og byta over til joggesko (valfritt) og vandra til fots siste kilometrane inn til Vossevangen. Fyrst ut traktorvegen til Gjelle. Så ned Giljavegen og snarvegane ned til Vikjavegen. Gjennom Gjernes, over Tintrabrua, gjennom Presegardsmoen og målgang på Torget på Vossevangen.

GPS-spor
Alle deltakarar pliktar å fylgja same løype og skal lasta ned og leggja inn GPX-fil på førehand.
Sporet kan du også gjennomgå på Lommekjent. Ferdsel som går vesentleg utanfor arrangøren sitt spor vert idømt ekstra tid, evt diskvalifisering.

Klikk for større bilete


Program

Me har to alternative innsjekk av utsyr:
Alt. 1. Fredag 5. april 1400 - 1830 i Holmatun kultur- og friluftssenter. Frivillig løparmøte kl 1900.
Alt. 2. Laurdag 6. april kl 0900 - 1000 på Voss (ved Tre Brør på Torget)

----

Fredag 5. april:
Kl 1400: Registreringa og utstyr-sjekk opnar. Sal av middag.
Kl 1830: Registreringa og utstyr-sjekk avsluttast
Kl 1900: Frivillig løparmøte

Laurdag 6. april:
Kl 0900: Innsjekk og utdeling RaceTracker ved Tre Brør på Torget på Voss
Kl 1000: Felles avreise frå Torget
Kl 1100: Felles start frå Hodnaberg
Kl 1500: Dei fyrste deltakarane er forventa i mål
Kl 1900: Makstid
Kl 2000: Transport til Øystese og premieseremoni og skifest med Datarock!

Påmelding

Påmelding og betaling skjer via nettsidene. Før på relevant høgfjellskunnskap på dei obligatoriske spørsmåla.
Siste søknadsfrist er 1. april 2019 kl 20.

Aldersgrense 18 år

Vilkår
Terskelen for avlysing er høg og kostnadane for arrangør ved gjennomføring og avlysing er like. Arrangøren har såleis ikkje høve til refusjon av deltakaravgifta.

Tildelt plass kan ikkje overførast til andre.

Premie
Det vert premie til dei tre fyrste i individuell klasse damer og menn og tre fyrste i lagklassen

Individuell klasse:
1 plass: Race Kortfeller frå Åsnes
2. plass: Mohair Kortfeller 45mm frå Åsnes
3. plass: Nylon kortfell 45mm frå Åsnes    

Lagklasse:
1. plass: Race Kortfeller frå Åsnes  
2. plass: VossaØL
3. plass: Heimelaga spøtalabbar!

Tryggleik

Deltakarkrav, eigenerklæring og utstyrskrav er dei same som for Hardinglaup Øystese–Voss. Klikk her for å lesa desse.

Vinnarane kan kalla seg ekte hardingar. Målfoto: Vegard Breie

Vinnarane kan kalla seg ekte hardingar. Målfoto: Vegard Breie