Breidablik Opp 2019

Vel møtt til eit tradisjonsrikt motbakkeløp til fjellparadiset Breidablik. Det segnomsuste hytta lokkar til seg ein aukande skjerv av fjellfolk. Kan verdsrekorden på 42:35 frå 2018 stå for fall i år? Legenda Stian Angermund-Vik innehar den offisielle rekorden..
Den lokale handverkaren Bjarne Huse byrja arbeidet med å mura opp bygga allereie i 1968. Nokre år seinare byrja andre lokale heltar å tevla om å springa så fort som mogeleg opp

 

Trasé

Løypa er 5,3 km lang og har ganske nøyaktig 1000 m stigning. Det er T-merka heile vegen. Mannskapar frå Raude Krossen har utplassert tryggleiksteam undervegs. Les meir om løypa her: https://www.ut.no/tur/2.5086/

  Målportalen er ei flyboren rot!

Målportalen er ei flyboren rot!

Reglar

Konkurranseklasse:
- Innsjekk frå kl 11, start kl 12.
- Alle løparar må ha sekk på minimum 2,5 kg ved start og i mål. Kontrollveging ved innsjekk på Fete i Fitjadalen og i mål.

Trimklasse:
- Registrering og start mellom kl 10 - 11
- Ingen tidtaking
- Diplom og premie til alle!

  Breidablik er eit mykje vitja turmål og ligg på over 1200 moh mellom Fitjadalen og Hamlagrø.

Breidablik er eit mykje vitja turmål og ligg på over 1200 moh mellom Fitjadalen og Hamlagrø.

Pris:

  • Konkurranseklasse: kr 400

  • Trimklasse: kr 150

 
 Verdsmeister Stian Angermund-Vik på veg under rekordløpet i 2018

Verdsmeister Stian Angermund-Vik på veg under rekordløpet i 2018

 Eigen trimklasse for fjellfolk i alle aldrar. Premie til alle!

Eigen trimklasse for fjellfolk i alle aldrar. Premie til alle!